Det interkommunale selskapet SKS IKS utfører sekretariatfunksjonen for 12 kommunale kontrollutval på Sunnmøre

Vi leverer m.a. desse tenestene til  kontrollutvala:

  • Praktiske sekretariatfunksjonar og rådgjeving om utvala sine prioriteringar
  • Saksutgreiing, førebuing og tilrettelegging av saker som skal behandlast fram til vedtak i kontrollutvala
  • Iverksetjing, publisering og evt. oppfølging når det gjeld gjennomføring av kontrollutvala sine vedtak
  • Utarbeiding av  planar for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll
  • Utgreiing av ulike behov for bestilling av oppdrag, iverksetjing av bestillingar og oppfølging av oppdraga
  • Bistand ved val av revisjonsordning
  • Profesjonell handtering av kontrollutvala sine arkiv  
  • Opplæring og faglege samlingar for kontrollutval
  • Teneste som dialogpartnar for nye medlemer i utvala
  • Kontinuitet når det gjeld historikk og bakgrunn for saksfelt som går over tid, f.eks. med nye utvalsmedlemer

Vi har i tillegg ansvaret for praktiske oppgåver som er knytt til sjølve gjennomføringa av kontrollutvala sine møte.